Luster kommune ynskjer å redusera ulykkes- og skadeomfanget i kommunen, og arbeidet med trygge lokalsamfunn er ein viktig del av folkehelsearbeidet. Sertifiseringa set ein kvalitetsstandard som kommunen no forpliktar seg til å følgja.
Det blei ei flott ramme for markeringa med å samla alle grunnskuleelevane. Elevkoret som var samansett av alle (ca 650) grunnskuleelevane i Luster hadde urpremiere på songen «i Luster».
Varaordførar Marit Aakre Tennøe understreka kor viktig det er å ta vare på kvarandre medan Eva J. Vaagland frå det nasjonale Skadeforebyggende forum gratulerte Luster kommune med formell godkjenning og overleverte blankett og flagg til varaordførar.
Politiet delte ut refleksvestar til alle 1. klassingane i kommunen.
Styringsgruppa i arbeidet og samarbeidspartnarar.
I LUSTER
(Av Arve Bjørn Røneid)
Unde fjedli inst i fjorden, dar hjort og saue gaor
Dar finn me oss te rette, dar liggje plassen vaor
Da ekje mange ao oss, me e gode nok før da
I vaore smaoe bøgdalag, dar klara me oss bra
I Luster, dar fjorden møte fjedli
I Luster, dar bre og fossa e
I Luster, med frukt og bèr ao aller beste sort
I Luster, her vil eg vera te
Vil du fiska laks og aure, elle rundt i fjedli gao
Dao e Luster plass før deg, ja da vil du fort fao sjao
Her ha me da me trainge inst i Norges lengste fjord
Ein bedre plass enn ditta du finne knapt pao jord
I Luster, dar fjorden møte fjedli
I Luster, dar bre og fossa e
I Luster, med frukt og bèr ao aller beste sort
I Luster, her vil eg vera te
BRIDGE:
Me veit me ha da mesta, me veit kå bra da e
Da e no ikkje løge om ein bli misunnele
I Luster, dar fjorden møte fjedli