Søk via føresettportalen om redusert foreldrebetaling

For søknader før 1. august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1. august og ut skuleåret. Vert det søkt etter 1. august, gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret, jf. forskrift til opplæringslova § 1B-1.

 

Det er nasjonalt fastsett tre moderasjonsordningar for SFO: 

  • Redusert foreldrebetaling i SFO for hushald med elevar på 1.-4. trinn slik at utgifter til SFO per barn ikkje overstig 6 % av hushaldet si inntekt. 
  • Gratis SFO for elevar med særskilte behov 5.-7. trinn 
  • 12 timar gratis SFO for elevar på 1.-3. trinn

Mat kjem utanom ordningane.

Moderasjonsordningar i SFO (udir.no)