Betalingssatsar 2022
100 % plass Kr 2605
75 % plass Kr 1985
50 % plass Kr 1450
25 % plass

Kr 780

 

Matpengar Kr 8 per dag
Dagsats sommar-SFO Kr 280 per dag
Frådrag leksehjelp Kr 26 per time
Syskenmoderasjon 25 %

 

Plasstilbod

  • Alle skulane som har SFO tilbyd 100 % og 50 % plass. Korleis 75 %, 50 % og 25 % plass er organisert, varierer på dei ulike skulane då det er ulike opningstider for SFO mellom krinsane. Oversikt over kva SFO-tilbodet er ved den einskilde skule finn du her.

 

Skuleferiar i skuleåret: 

  • Føresette betalar ekstra for timane borna er på SFO utover tilbodet dei ordinært er påmelde til.
     

Sommarferie: 

  • Det er eigen dagsats for SFO-tilbodet i Hafslo og Gaupne i sommarferien, jf. pristabell. Barn frå andre krinsar kan melda seg på tilbodet i Hafslo og Gaupne. Informasjon om sommartilbodet vert sendt ut gjennom Visma Flyt Skule kvar vår med påmelding til rektor ved høvesvis Gaupne skule og Hafslo barne- og ungdomskule. Påmeldingsfrist til sommar-SFO er 15. mai.
       

Redusert foreldrebetaling:

  • Hushaldningar med samla inntekt under kr 434 000 (januar 2022) kan søkja om redusert foreldrebetaling. Foreldrebetalinga for eit heiltidstilbod i SFO på 1.–4. trinn skal maksimalt utgjera 6 pst. av den samla person- og kapitalinntekta til hushaldet.

    Skal du søkja om redusert betaling, legg du ved siste skattemelding for heile hushaldninga sine samla inntekter. Dersom skattemeldinga ikkje stemmer, legg du ved anna dokumentasjon. Søknaden kan ikkje handsamast før dokumentasjon om hushaldninga si inntekt ligg føre. Meir informasjon og søknadsskjema finn du her.

     

SFO for elevar med særksilde behov 5.-7. trinn

  • Elevar på 5.–7. trinn med særskilde behov har rett på gratis SFO om dei ønskjer eit SFO-tilbod, jf. nasjonale reglar gjeldande frå 1. august 2020. Føresette søkjer direkte til skulen det gjeld om å få nytta eit slikt tilbod.