Det har vore satsa for å byggje opp industri i kommunen, og det er lagt til rette med næringsareal.

Luster Mekaniske Industri A/S (LMI) er offshoreretta, med sveising som sitt spesiale. Det er no ein arbeidsstokk på ca. 50 personar ved verksemda.

Avery Dennison NTP produserer transfers, eller merke for bekledning/tekstil. NTP er teknologisk leiande i sin bransje og eksporterer ein stor del av produksjonen. Over 130 tilsette.

Fjordglas AS produserer vindauge. Dei har om lag 20 tilsette og har gjennomført ei stor modernisering av fabrikken.

Digital Etikett i Gaupne er ei verksemd som vart etablert i 2008. Verksemda har digital produksjon av sjølvklebande etikettar. Verksemda er i vekst og med eit stort kundegrunnlag.

Elles finn vi bedrifter innan treproduksjon, betongprodukt, båtbygging, sjukehusutstyr og, reklamebyrå.