Tilskotet vert utbetalt når sertifiseringa er gjennomførd. Dette står i «Grunnlaget for handsaming av næringssaker»:
Luster kommune vil stimulere til at fleire verksemder vert miljøsertifiserte. Luster kommune løyver 20.000 kr til kvar bedrift som gjennomfører miljøsertifisering innafor dei annerkjende ordningane: Miljøfyrtårn, ISO-14001, Greenkey eller EMAS. Løyvinga skal finansierast av næringsfondet. Rådmannen får fullmakt til å effektuere løyvinga, når miljøsertifiseringa føreligg.