Det er næringsutvalet i Luster kommune som avgjer kven som får prisen.

I statuttane for tildelinga står det mellom anna:

"Prisen som årets bedrift er ei honnørutmerking. 

Prisen vert delt ut til ei bedrift som på ein positiv måte har utmerka seg. Prisen kan gå til etablerte føretak, nyetableringar eller knoppskytingar."

I år 2014 går prisen til ei relativt ung bedrift. Verksemda har hatt ei spennande utvikling i dei sju åra ho har eksistert. Årets bedrift 2014 er Digital Etikett AS, og eg vil be dagleg leiar Kjetil Hovland om å komme fram.

Årets bedrift 2014.jpg

Kvifor har så Digital Etikett fått denne utmerkinga:

Kjetil Hovland starta med å utarbeide forretningsplanen i 2006, han og familien budde då i Oslo. I 2007 sa han opp jobben, selde hus og bil og starta Digital Etikett. Han nytta det han tente på hus-salet som eigenkapital i den nye verksemda. Fyrste tida produserte han etikettane i Sverige, men i 2008 var produksjon i lokale leigde hjå Luster energiverk i gang. I fyrste driftsår i 2007 var omsetninga 200.000 kr og investeringane sju millionar. Kjetil seier at; «mange meinte det var galskap».

Så rulla ballen raskt, behovet for leigeareal vart dobla.

Forretningsideen har heile tida vore «produksjon og sal av etikettar til produktmerking». Produksjonen skjer digitalt.

Kundelista er etter kvar vorten lang. Lokale kundar er til dømes Lerums og Ægir. Digital Etikett produserer etikettar til heile mikrobryggeribransjen, mykje til helsekost som Omega 3 og C-vitamin. Andre område er næringsmiddel og produkt innan kjemi og måling.

Digital Etikett har investert i og vore med å utvikla teknologi. Dei er internasjonalt leiande innafor digital produktmerking.

Digital Etikett vert også lagt merke til utafor Luster kommune. Bedrifta har fått «grunderprisen» i Sogn og Fjordane. Dei har og fått Gaselleprisen i tre år på rad. Det er ein pris dagens Næringsliv gjev til verksemder med rask vekst og positive resultat.

Det er no sju tilsette ved verksemda og Kjetil er godt nøgd med rekrutteringa av tilsette.

Omsetningen har vakse frå 200.000 kr i fyrste driftsår til 16 mill kr i 2013. Overskotet i 2013 var 3 mill kr.

Det vert no arbeidd med eit nytt spennande prosjekt; digitalt trykk på emballasje til næringsmiddel. Dette kan bli eit nytt stort vekstområde.

I desse dagar er Digital Etikett sitt nye næringsbygg godt synleg på Gaupnegrandane. Fabrikken skal vere klar 1. oktober, og vil gje Digital Etikett meir rom til effektiv produksjon og plass å vekse på.

Næringsutvalet seier fylgjande i grunngjevinga si:

-Digital Etikett er ei verksemd som har utvikla seg ved bruk av ny teknologi. Store investeringar i utvikling av digital teknologi gjev fleksibel produksjon og høg kvalitet på produkta

-Digital Etikett har hatt ein rask vekst, men og hatt evna til å tene peng samstundes

-Digital Etikett si utvikling syner kor viktig grundaren sine eigenskapar er for å utvikle næring

Til lukke med prisen som årets bedrift.