- Gjødselplanen skal omfatte alt areal som føretaket disponerer og vere basert på representative jordprøver som ikkje er eldre enn 8 år.
- Gjødselplanen kan ein utarbeide sjølv, eller så tilbyr Norsk landbruksrådgivning denne tenesta.
- Det treng ikkje utarbeidast fullstendig ny plan kvart år. Føretaket kan i staden vurdere behov for endringar og sjølv oppdatere planen i mellomår. Denne årlege oppdateringa må dokumenterast.
Les meir på Statsforvaltaren si side om krav til godkjent gjødselplan
Gjødselplanen skal minimum innehalde følgjande:
Ei kartskisse, med oppgitt målestokk, som tydeleg viser skifteinndelinga. Planen skal setjast opp skiftevis, og følgjande opplysningar skal oppgjevast for kvart enkelt skifte:
- Jordbruksareal i dekar
- Jordart og jordanalyse for pH, fosfor, kalium og moldinnhald
- Fôrgrøde (dvs. fjorårets vekst)
- Årets vekst
- Forventa avlingsnivå per dekar
- Årets gjødslingsbehov for nitrogen, fosfor og kalium per dekar
- Husdyrgjødsel, slam og annen organisk gjødsel
- Type
- Mengde per dekar og antatt spreietidspunkt
- Mineralgjødsel
- Type
- Mengde per dekar og antatt spredetidspunkt
Gjødslingsbehovet skal avpassast etter følgjande kriterier:
- Jordprøveresultat for fosfor, kalium og moldinnhald
- Vekst og gjødslingsnormer for distriktet
- Avlingsnivå ut i fra eigne dokumenter eller anslåtte erfaringar for kvart enkelt skifte
- Avling
Gjødselplanen skal justerast dersom vekstforholda avvik frå dei føresetnadene som var då planen vart laga.
Kontroll:
Kontroll av gjødselplanen blir gjennomført i samband med kontroll av søknad om produksjonstilskot/RMP.
For føretak som driv skjøtsel på heile eller deler av jordbruksareal der det anten skal vere redusert eller ingen gjødsling, kan godkjent skjøtselsplan reknast som godkjent i forhold til forskrift om gjødselplanlegging
Alle som brukar sprøytemiddel skal ha sprøytejournal. Det gjeld også om andre sprøyter for deg. Det samla produksjonstilskotet avkortast med 20% dersom søkjar ikkje har gjødselplan eller sprøytejournal og dette kan doblast dersom det vert oppdaga under kontroll.
Jordprøvar
Jordprøver skal takast kvart 4-8 år.
Du kan få øskjer til jordprøver og låne jordprøvebor på landbrukskontoret.
Jordprøver sendast til:
Eurofins Agro Testing Norway AS
Avdeling jord og planter
Postboks 3033
1506 Moss
For mer informasjon, sjå eurofins.no