Noreg har gjennom EØS-avtalen forplikta seg til å følgje EU sitt Vanndirektiv (Vannforskriften) som legg rammene for forvaltning av alt ferskvatn og kystvatnet ei nautisk mil utafor grunnlinja. Direktivet omfattar alt ferskvatn, grunnvatn og overflatevatn og direktivet sitt mål er at alle vassforekomstar minst skal oppretthaldast eller oppnå «god tilstand» både kjemisk og biologisk.
Noko av det som påverkar vassdrag mest er dersom det renn gjødselvare ut i vassdraget, og tilfører store mengder næring gjennom noko ein kallar eutrofiering. Eutrofiering betyr rett og slett opphoping av næringsstoff som nitrogen og fosfor i vatnet og dette fører til algeoppblomstring, auka plantevekst og oksygenfattig vatn som tek livet av fisk og andre dyr.
Forslag til ny forskrift om frist for spreiing av gjødselvarer av organisk opphav (pdf)
Har du innspel?
Her kan du senda innspel, og lesa andre dokument og innspel i saka
Merknader til planen kan også sendast pr. post til Luster kommune, postboks 77, 6866 Gaupne eller på e-post: postmottak@luster.kommune.no
Frist 1. april 2024.