Det kan gjevast tilskot til drenering, grøfting, systematisk grøfting, profilering og omgraving. Tiltak der dreneringa både gjev auka jordbruksproduksjon og reduserer faren for vassforureining skal prioriterast.
Søknaden skal innehalde plan for drenering av arealet med beskriving av tiltak, samt kart og miljødokumentasjon. Du søkjer tilskot på elektronisk søknadskjema i Altinn. Tilskot kan ikkje gjevast til tiltak som er påbyrja før kommunen har løyvd tilskot.
Sjå forskrift om tilskot til drenering av jordbruksjord.
For fagleg informasjon sjå nlr.no og fagheftet Drenering, teori og praksis 2013
Tilskot til drenering av jordbruksjord, avgrensa til systematisk grøfting, profilering og omgraving utgjer 2 000 kr per dekar. Ved anna grøfting kan det gjevast 30 kr per løpemeter grøft avgrensa opp til 2 000 kr per dekar. Berekna tilskot under kr 3 000 per søknad vert ikkje utbetalt.
Søknadsfrist
Søknader vert handsama fortløpande.