Luster kommune yter tilskot til bygging eller oppgradering av vatningsanlegg på gardsbruk. Vatningsanlegga bør ha som føremål å auke eller oppretthalde produksjonen av gras, frukt, bær eller grønsaker på det aktuelle gardsbruket.
Det må vere næringsdrift av eit visst omfang på eigedommen, eller potensial for dette i samband med oppgradering av vatningsanlegg.
Ved kjøp av eller oppgradering av vatningsopplegg kan kommunen gje støtte på opptil 20% av godkjend kostnad.
Kommunen kan støtte kostnad knytt til faste installasjonar og tilhøyrande utstyr av mindre omfang, til dømes fordelingsanlegg. Tilskot til vatningsvogn, traktorpumper og anna lettomsetteleg utstyr vert ikkje gitt.
Ved innvilga søknad vil ikkje same anlegg kunne få midlar før det er gått fem år. Unntaket her er om det er snakk om vesentleg oppgradering eller endra føresetnader.
Oppgradering av anlegg anna plass på eigedommen som ikkje er del av anlegget som tidlegare er tildelt midlar, kan få stønad uavhengig av tidlegare søknader.
Det vert ikkje gitt tilskot til tiltak som allereie er påbegynt.
Det vert ikkje gitt tilskot til vedlikehald av normal slitasje på anlegget.
Kommunen kan avslå søknader etter søknadsmengde og tiltak som ikkje samsvarar med ordninga sitt føremål. Kommunen kan også prioritere prosjekt som gir auka matproduksjon eller klima-, energi- og miljøeffektive løysingar.
Tilskotet vert utbetalt etter ferdiggodkjenning frå Luster kommune.