Autorisasjonsbevis for bruk av plantevernmidlar

Alle som vil kjøpe eller bruke plantevernmidlar i yrkesmessig samanheng må ha gyldig autorisasjonsbevis. Autorisasjon er gyldig i 10 år etter bestått prøve. Mattilsynet har ansvar for ordninga med krav til autorisasjonsbevis.

 Norsk Landbruksrådgjeving Sogn og Fjordane gjennomfører autorisasjonskurs for yrkesdyrkarar. Mo og Øyrane vidaregåande skule tilbyr også autorisasjonskurs.

Når ein har teke kurs og bestått eksamen, er det landbruksforvaltninga i kommunen som avgjer om ein er berettiga autorisasjon og sender førespurnad til mattilsynet om utsending av bevis. Deretter kan det ta 1-2 veker før ein mottek beviset.

Autorisasjonskurs for fornying av godkjenning for kjøp og bruk av plantevernmiddel kan gjennomførast som nettbasert kurs.

Sjå Mattilsynet for meir informasjon om plantevernmidlar.

Meir om autorisasjonsordninga.

Funksjonstesting av spreieutstyr

Alle åkersprøyter som er i bruk skal testast kvart 5. år, for å sikre at helse- og miljørisikoen ved sprøyting vert halde på eit lågast mogeleg nivå. Mattilsynet forvaltar ordninga. Oversikt over godkjente testerar  av spreieutstyr finn ein her.

Rettleiar om plantevernmidlar

Mattilsynet har utarbeida ein rettleiar til forskrift om plantevernmidler. Her finn ein regelverk som gjeld godkjenning og bruk av plantevern. 

 

Lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matloven)

Forskrift om plantevernmidler

Veileder til forskrift om plantevernmidler