Byggefeltet Borhaug vart regulert i 2009. Feltet har 14 nye tomter og fleire eksisterande tomter. Tomtestorleiken varierer frå ca. 600 m2 til over 700 m2. Feltet ligg flott til ca. 80 m over havet med utsyn over Solvorn, Solvornbukti, Lustrafjorden og Urnes. Feltet vender mot sør-aust og har mykje sol om sommaren. Solvorn er ein ynda stad for badegjester i sommarhalvåret

Feltet ligg i gangavstand til butikk, barnehage og skule. Frå feltet er det 600 m å gå til barnehage og skule. Det er ca. 750 m til busshaldeplass og 1 km til butikk. Feltet ligg ca. 19 km frå kommunesenteret Gaupne, 8 km frå Heggmyrane skisenter og 19 km frå Sogndal.

Pris på tomt 492 340 kr

Borhaug-tomter.JPG

Ledige tomter i feltet  

Tomt 14   Tomt 15

Borhaug-1.jpg

Borhaug-2.jpg