Borhaug, Solvorn gbnr. 167/53 (tomt 2)

Nedanfor følgjer ei oppsummering av planføresegner som gjeld for gbnr. 167/53. For utfyllande detaljar sjå føresegnene og/eller lovverk.

 

Reguleringsformål
Bustad og bustad/anna vegareal

Areal
785 m2

Byggjegrense
7 m frå senterlinje veg. Sjå plankart.

Utnyttingsgrad
BYA maks. 30 %

Maksimal byggjehøgde

Mønehøgde: 8,5 m
Gesimshøgde: 6 m

Tak

Saltak med takvinkel mellom 27 og 40 grader. Bygningar på same tomt skal ha lik vinkel.

Møneretning

Bustadhus – skal vere vinkelrett på tomtegrensa i nord.

Garasje/carport– kan vere vinkelrett eller parallelt med møneretning for bustadhus eller off. veg

Utforming

Bygningane skal utformast og plasserast slik at det gjev ei harmonisk og heilskapleg utbygging. Det skal leggjast vekt på å få gode uteopphaldsareal på kvar tomt.

Støttemurar over 1m skal sikrast med gjerde. Gjerde skal vere i trematerial og ikkje overstiga ei høgde på 1 m. Langs same veglinje og friområde skal gjerda ha ei einsarta utforming.

Tilkomst

Skal syne på situasjonsplan med avkøyrsle frå offentleg veg

Parkeringsplassar

Det skal opparbeidast min. to P-plassar/garasje på tomt og min. 0,5 plassar pr. hybel. FP er felles gjesteparkering.

Garasje/carport/uthus

Kan overskride byggjegrense, men ikkje nærmare enn 2 m til køyreveg. Maks. 1 etasje. Doble bygg gir maks. mønehøgd 5,5 m og enkle har maks. mønehøgd på 4,5 m.

Kabelanlegg

Skal leggjast i bakken (el., tele ..)

Tilbake til feltet