Byggefeltet Bringebakkane er eit gammalt felt frå 1987. I 2012 vart feltet utvida med nokre tomter i reguleringsplan for fossen.  Det er fleire ledige tomter i området. Tomtene er store med ein storleik på rundt 1 daa.  Feltet ligg luftig til ca. 85 meter over fjorden med utsyn over Luster, fjorden og Sørsida. Feltet vender mot sør-aust og har mykje sol heile året.

Feltet ligg i gangavstand til butikk, barnehage og skule. Frå feltet er det ca. 600 m til skule, via snarveg, ca. 800 m til butikk og busshaldeplass og 1 km til barnehage. Feltet ligg ca. 16 km frå kommunesenteret Gaupne, 25 km frå Heggmyrane skisenter, 27 km frå Turtagrø som er inngangsporten til Sognefjellet og 44 km frå Sogndal.

 

Kart-tomter-2.JPG

Ledige tomter i feltet

Tomt 1   Tomt 2   Tomt 3   Tomt 4   

Tomt 5   Tomt 6   Tomt 7   Tomt 8   

Tomt 9   Tomt 10        

IMG_1091.jpg

IMG_1113.jpg