På denne sida finn du informasjon om krav til søknad/løyve, kva ein kan gjere sjølv og kva som er unnateke krav om søknad/løyve:
- Aller først må du finne ut om byggearbeidet du ynskjer å utføre krev at du søkjer om løyve.
- Etter dei siste endringane i plan- og bygningslova er det no ikkje noko som heiter meldesaker. Enten er tiltaket søknadspliktig eller så er det ikkje krav til søknad.
- Punkta lenger ned seier noko om kva som blir kravd (løyve/søknad mm) ved ulike byggearbeid.
Arbeid som ikkje krev søknad om løyve:
Arbeid som ikkje krev søknad om løyve - Byggesaksforskrifta kap. 4
- Legg merke til at arbeid som er unnateke frå søknad må vere i samsvar med plan- og bygningslova og vilkåra gjeve i medhald av lova, bl.a. arealplanar (kommuneplan og reguleringsplan).
- Kommuneplan og reguleringsplanar finn du på kartet her (denne kartløysing krev nettlesar med Silverlight). Velg kommuneplan eller reguleringsplan i "Kartlag"-menyen.
Arbeid som krev søknad om løyve og som kan gjennomførast av tiltakshavar (byggherre):
Arbeid som krev søknad om løyve og som kan gjerast av tiltakshavar(byggherre) - byggesaksforskrifta kap 2-3
- Ein del av dei tiltaka som tidlegare var meldesaker er no søknadspliktige, men byggesaka kan likevel fremjast av tiltakshavar utan særskilte krav til godkjenning for ansvarsrett.
- Der tilbygg også omfattar etablering av våtrom er våtrommet søknadspliktig med krav om ansvarlege føretak for søknad, prosjektering, utførelse og kontroll.
Anna arbeid som krev søknad om løyve:
Anna arbeid som krev søknad om løyve - Byggesaksforskrift kap. 20
- Søknaden må sendast inn, og arbeidet må utførast av føretak som kommunen kan godkjenne som ansvarleg søkjar, prosjekterande, kontrollerande og utførande.
- Generell informasjon og rettleiing om søknadsprosessane
Situasjonskart:
- Det blir stilt krav om situasjonskart i dei aller fleste sakene. Kart, planføresegner og naboliste får du ved å kontakte Servicetorget.
Søknaden:
- Luster kommune kan i dag ta i mot elektroniske søknader sendt via ByggSøk
Vi tilrår at alle nyttar ByggSøk til å levere byggesøknaden. Systemet er utan utfylling av skjema og kontrollerer om søknaden er rett utfylt før den kan sendast til kommunen. - Vil du likevel bruke søknadsskjema på papir kan desse lastast ned gratis her.
Tidsfristar:
Byggearbeidet:
- Når du har fått løyve, kan byggearbeidet setjast i gang. Du sjølv og det føretaket som har søkt og fått ansvarsrett, er ansvarleg for at arbeidet blir utført i samsvar med krav gjeve i eller med heimel i plan- og bygningslova.
- Kommunen kontrollerer ikkje byggearbeidet, men gjer gjennom tilsyn stikkontroll i enkeltsaker. Kommunen fører primært tilsyn med føretaka med gjennomgang av system og rutinar.