Kva som er lovleg bruk må vurderast konkret ut ifrå føresegner og føresetnadar som gjaldt den gongen den noverande bruken vart lovleg etablert, herunder eventuelle vilkår i byggeløyve som vart gitt. Endringa treng ikkje å vere vesentleg. Det er nok at bruksendringa vil bryte med føresetnaden for byggeløyve.
Den nye bruken må vurderast opp i mot gjeldande bygningsregelverk for å sjå om nye krav kan komme inn. Ny bruk kan for eksempel utløyse strengare byggtekniske krav.
Eksempel på søknadspliktig bruksendring:
- Etablering av leilegheit i kontorbygg.
- Etablering av leilegheit i stabbur.
Det er også bruksendring viss du ønskjer å bruke heile eller delar av bustaden din til noko som ikkje er bustad, for eksempel næringsverksemd.
Oppdeling til fleire bueiningar
Viss du ønskjer å etablere ny bueining i bustaden din må du ta kontakt med eit profesjonelt og kvalifisert føretak, for eksempel ein arkitekt eller eit byggefirma, som kan stå ansvarleg for søknaden mot kommunen. Søknadsplikta for oppdeling av bueining i eksisterande bustad oppstår når einingane har:
- Alle hovudfunksjonar for bustad slik som stove, bad, toalett, soveplass.
- Har eigen inngang og
- Er fysisk atskilt frå øvrege einingar.
I kravet om fysisk atskilt ligg at det ikkje skal vere noko form for intern veg mellom einingane i form av dør, trapp eller lignande. Ei låst dør mellom to delar av ei bueining vil difor føre til at kravet om fysisk atskilt ikkje er oppfylt sjølv om dei opplevast slik i det daglege. Det er berre der einingane er adskilte reint bygningsmessig, at kravet er oppfylt.
Relevante regelverk:
Plan- og bygningslova kapittel 20 om søknadsplikt
SAK 10 § 2-1 (varig og tidsbestemt bruksendring)
SAK 10 § 2-2 (oppdeling av bueining)