Få hjelp i rettleiaren frå Direktoratet for byggkvalitet
Sjå også informasjon i rettleiaren «grad av utnytting» frå kommunal- og regionaldepartementet.
Før du bruke rettleiaren frå direktoratet må du avklare planstatusen for eigedomen din. Den finn du i kommunen si kartløysing. Huk av for Luster i nedtrekksmenyen til venstre i bilete. Søk opp eigedomen din og huk av for «reguleringsplaner» rett under kommunevåpenet. Du ser informasjon om din eigedom i feltet til høgre som heiter «Kartlagsinfo». Trykk på «reguleringsplan» for å få fram reguleringsplanen som gjeld for din eigedom.
- Er eigedomen regulert?
Viss det finst ein reguleringsplan er eigedomen regulert.
- Står det noko om utnyttingsgrad i reguleringsplanen eller kommuneplanen?
Det må vere oppgitt som ein av følgjande:
- BYA eller %BYA
- BRA eller %BRA
- T-BRA
Du kan ikkje nytte rettleiaren dersom dette manglar.
Du finn kommuneplanen ved å velje «kommuneplan» i kartet. Viss kommuneplanen ikkje vises for eigedomen din, så prøv å zoome lenger ut i kartet.
- Står det noko i kommuneplanen om at den gjeld framfor reguleringsplanen?
Nokre reguleringsplanar i kommunen skal gjelde framfor kommuneplanen. Kva for reguleringsplanar dette er finn du i Kommuneplanen sin arealdel, punkt 4.6.4 (frå s. 40)
Kor stor er eigedomen din?
- Dette kan du finne ut ved å trykke på «eiendommer» i feltet «kartlagsinfo». I feltet «areal» skal det stå storleik på eigedomen din. Du kan også finne denne informasjonen via seeiendom.no