På helsestasjon for ungdom (HFU) møter du lege og helsesjukepleiar.
Me har ope kvar torsdag kl 14.30-16.00 på Luster helsestasjon/helsesenteret. Du kan koma innom på drop-in eller ringe for å avtale tidspunkt.
Helsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod for alle ungdommar i alderen 13-20 år
Vårt tilbod:
- Prevensjon
- Innleggelse/uttak av p-stav og hormonspiral
- Kjønnssjukdommar
- Seksualitet
- Graviditet
- Psykisk helse
- Kjønnsidentitet
- Etevanskar
- Forelskelse
- Utfordrande relasjonar – familie, kjæreste, vener eller skulemiljø
- Overgrep
- Vald
- Rus
- Andre tema du treng å lufte med oss
Kontakt HFU:
Telefon. 57 68 56 05 / 90 98 47 20
Ein kan ringe til helsestasjonen utanom oppsett opningstid for å avtale time på eit anna tidspunkt som passar betre.
HFU har stengt i skuleferien. I denne tida kan ein gjera avtale med helsestasjonen i kontortida.