Alle barn skal få tilbod om vaksinasjon etter anbefalt program.
Lege og fysioterapeut er tilknytt skulehelsetenesta. Og det er helsesjukepleiar som har det daglege ansvaret for tenesta.
Målsetjing for skulehelsetenesta:
- Sikre at barn og unge får den helseundersøkinga og den helseopplysninga dei har rett på
- Utføra målretta helseundersøkingar tilpassa individuelle behov og risiko
- Samarbeide med heim, skule og andre i hjelpeapparatet for å identifisera og løysa helseproblem som har samanheng med skuleelevane sin situasjon.
Førebyggande psykososialt arbeid –arbeide med tiltak som fremmar gode mellommenneskelege, sosiale og miljømessige forhold for å forhindre psykiske plager/sjukdom – t.d. einsemd, mistrivsel.
«Open Dør» alle helsesjukepleiarane på dei ulike skulane har open dør. Det betyr at elevar og foreldre kan ta kontakt utan å bestille time.
Helsesjukepleiar har kontortid ved skulen:
Gaupne skule: Tysdag og torsdag 9.00 – 14.30: Berit Skjerdal, tlf. 45 87 80 44
Luster Ungdomsskule: Måndag 9-15 og torsdag 12-15: Johanne Eide Juvik, tlf. 47 80 82 60
Hafslo barne- og ungd.skule: Måndag, tysdag og torsdag 9.00-14.30: Henny Haugane, tlf. 45 87 80 43
Luster oppvekstsenter: Tysdagar: Johanne Eide Juvik: Tlf. 47 80 82 60
Jostedal oppvekstsenter: Kvar 3. tysdag, oppstart veke 34: Eli Ruud, tlf. 48 08 77 60
Skjolden oppvekstsenter: Kvar 3. torsdag, oppstart veke 36: Johanne Eide Juvik, tlf.: 47 80 82 60
Indre Hafslo oppvekstsenter: Måndagar: Eli Ruud, tlf. 48 08 77 60
Solvorn oppvekstsenter: Partalsmandagar 8.30-11.00: Lill Hege Stølen, tlf. 45 87 80 41
Veitastrond oppvekstsenter: Ein mandag i månaden: Lill Hege Stølen, tlf. 45 87 80 41