Kurset vart halde av RVTS midt (Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging) og helsesjukepleiar og sexolog Tone Bjørnson Aanderaa som til dagleg jobbar på Helsestasjon for kjønn og seksualitet i Oslo kommune. «Spør Først» er laga av Tone i tett samarbeid med fleire helsesjukepleiarar. Undervisninga er forankra i skulehelsetenesta med ønskje om tett samarbeid med lærarar. Skal vi førebyggje seksuelle overgrep og fremje positiv seksualitet for barn og ungdom, må vi å jobbe saman. 

«Spør først» er eit felles tiltak for helsesjukepleiarane i Sogndal og Luster kommune gjennom prosjektet «Livsmeistring - robuste barn og unge». Elevar på 6. trinn, 9. trinn og 1.vgs vil få undervisninga, på den måten sikrar vi ein raud tråd i arbeidet.

28 % av jenter og 16 % av gutar mellom 12-16 år oppgjev at dei har vore utsett for seksuelle overgrep eller krenkingar av jamaldringar. Samtidig etterspør elevane meir undervisning om seksualitet og grenser. Av den grunn bør dette vere eit prioritert satsingsområde for skulehelsetenesta i eit folkehelseperspektiv.

Tone B. Aanderaa har dei siste åra gjennomført undervisningsopplegget på barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule. Undervisninga er evaluert og responsen frå elevar, foreldre og helsesjukepleiarar er svært god. «Spør først» er eit ferdig undervisningsopplegg som er kvalitetssikra.

 

Kva seier elevane?

«Etter kurset ble jeg mer bevisst på hva som kan tolkes som feil signaler, og at man skal være tydeligere på godkjennelse fra begge parter». ​

«Jeg har blitt bevisst på at samtykke er nøkkelen til intim sex og kan hindre en økning i voldtektstatikken i Norge». ​

 

Kva seier foreldrene?

«Takk for en veldig god jobb dere gjør. Forklare konsekvenser om hvordan det vil føles å bli tråkket på». 

«Synes det er utrolig bra at dere hjelper oss foreldre. Alle skoler skulle hatt dette»!

 

Kva seier helsesjukepleiarane?

«Utrolig viktig tema og det er bra å få felles undervisningsopplegg slik at alle elever kan få tilgang til samme kunnskap». 

«Det var MEGET bra at fokuset var på kropp, flørting og det positive med seksualitet».  

«Seksuelle overgrep trenger en egen undervisning og eget fokus. Her tror jeg mange helsesykepleiere har noe å lære»!