Søknad om spesialpedagogisk hjelp
Barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom dei har særlege behov for det. Dette gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage. Tilbodet om spesialpedagogisk hjelp er gratis for familien.
Føremålet med spesialpedagogisk hjelp er å gje barn tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale ferdigheiter.
Spesialpedagogisk hjelp kan gjevast til barnet individuelt eller i gruppe. Hjelpen skal omfatta tilbod om foreldrerådgjeving.
Kommunen skal oppfylla retten til spesialpedagogisk hjelp for barn busett i kommunen.
Føresette kan tilvisa til pedagogisk-psykologisk teneste – Sogn PPT – og be om å få ei sakkunnig vurdering dersom barnet treng hjelp og støtte. Dersom barnet går i barnehagen bør søknaden fyllast ut i samarbeid med barnehagen. Tilvising for vurdering av spesialpedagogisk hjelp kan skje heile året.
Barnehagelova § 31
Tilvisingsskjema inkludert pedagogisk rapport barnehage – Sogn PPT
Saksgang, samtykke og klagerett
- Føresette sender ei tilvising, vanlegvis i samarbeid med barnehagen, til pedagogisk-psykologisk teneste (Sogn PPT) med bakgrunn i barnet sine behov. Barnehagen fyller i tillegg ut ein pedagogisk rapport som skildrar barnet og kva som er gjort av tiltak så langt. Det kan ikkje sendast ei tilvising til PPT utan at føresette samtykker.
- PPT vurderer om barnet har trong for spesialpedagogisk hjelp. PPT kan til dømes gjennomføra kartleggingar, observera barnet i barnehagen, ha samtalar med føresette og tilsette.
- Føresette får tilsendt sakkunnig vurdering frå PPT. Føresette har rett til å uttala seg før det vert fatta eit enkeltvedtak. Dersom det skal opprettast tiltak med spesialpedagogisk hjelp, må føresette gje samtykke til dette.
- Rådmannen ved kommunalsjef oppvekst fattar deretter eit enkeltvedtak som skildrar den spesialpedagogiske hjelpa barnet skal få.
Føresette kan klaga på enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp. Klagen skal sendast til Luster kommune ved Oppvekst. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vil kommunen senda saka vidare til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg handsaming.
Samtykke til vedtak om spesialpedagogisk hjelp for barn 0-6 år
Tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med nedsett funksjonsevne
Dersom eit barn har behov for tilrettelegging for å kunna ha eit fullverdig barnehagetilbod, kan føresette og den aktuelle barnehagen melda behovet til kommunen. Det vil bli stilt krav om dokumentasjon. Det skal nyttast eige meldingsskjema.
Barn med nedsett funksjonsevne skal ha moglegheit til å delta i barnehage på lik line med andre barn, jf. barnehagelova § 37. Tilretteleggingsplikta til kommunen gjeld tiltak som er naudsynt for at barnet skal gjera seg nytte av barnehageplassen. Plikta gjeld barn med nedsett funksjonsevne som er busette i kommunen og som har barnehageplass.
Ved vurderinga av om tilrettelegginga inneber ei uforholdsmessig byrde, skal det særleg leggjast vekt på tilrettelegginga si effekt for å byggja ned funksjonshemmande barrierar, dei naudsynte kostnadene ved tilrettelegginga og verksemda sine ressursar.
Rådmannen ved kommunalsjef oppvekst fattar vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne.
Det er føresette som melder om behov for individuelt tilrettelagt barnehagetilbod til sitt barn. Barnehagen barnet går i, rettleier føresette i utfylling av melding.
Avgjerda til kommunen er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova, og føresette har klagerett på vedtaket. Klageinstans er Statsforvaltaren i Vestland.
Barnehagelova § 37
Rett til tilrettelagt barnehagetilbud (udir.no)
Melding om behov for tilrettelegging, skjema