Kurset er tufta på tryggleikssirkelen, Circle of Security (COS), og vert difor omtala som COS-kurs. Hovudfokuset er å skape trygg tilknyting mellom foreldre og barn.
Metodikken byggjer på 60 års forsking og blir nytta i mange land. Ifølge tryggleikssirkelen er det naturleg at borna skal ut å utforske, leike og at barna treng oss vaksne til å støtta dei i denne utforskinga, til å trøyste dei, beskytta dei og hjelpe dei med ulike kjensler. Dette kan høyrast enkelt ut, men alle som er foreldre veit at det iblant opplevast som utfordrande. Nokon foreldre synest det er vanskeleg å takle sinne, frustrasjon eller redsle og å sjølv klare å vere fornuftig og stå i ein slik situasjon på ein god måte. Andre synest til dømes det er vanskeleg å la barnet utforske eller å la dei klatra på eiga hand då dei kanskje ikkje opplever å ha kontroll over eige barn.
Foreldre som har vore på kurs melder attende om at det opplevast godt å dele eigne opplevingar og å høyre at andre kanskje har liknande utfordringar som ein sjølv. Ei tilbakemelding mange foreldre som har delteke på kurset uttrykkjer, er at «dette skulle alle foreldre vore med på!»
Interesserte foreldre kan melda seg på kurs via Friskus. Gå inn på https://luster.friskus.com/ og klikk deg inn på Foreldrekurs (COS) i Luster kommune.