Først kom kyrkjeklokka og tårnet. Det skjedde i 1891, og frå den tid kalla kyrkjeklokka folket i bygda saman til gravferder. Ein og annan gong kalla ho også folket saman til gudstenester - i skulehuset. Så, godt inne i eit nytt hundreår, i 1935, fekk veitastrendingane si eiga kyrkje. Då vart bedehuset vigsla til kapell.

Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Byggeår: 1928
Vigsling: 1935
Byggmeister: Ukjend
Sitjeplassar: 120