Gaupne gamle kyrkje ligg i kommunesenteret Gaupne. Kyrkja vert rekna å vera bygd i 1647, men vestportalen er opprinneleg del av ei eldre stavkyrkje. Interiøret i kyrkja er prega av renessansestil og veggmåleria, av mellom anna apostlane. For dei har utfalda seg med stor målarglede, Niels Maler og dei andre handverkarane som dekorerte tømmerveggene og inventaret i den gamle kyrkja for rundt 350 år sidan. Fleire av apostlane er framstilte i heilfigur, slik som Simon Peter. Det er eit syn med sus av historie som vanskeleg let seg skildre, det må opplevast! Det utvendige, enkle preget står i sterk kontrast til det fargestrålande interiøret.
Koret er eit særsyn med stjernehimmel i taket og gamal dekor på veggene. Katekismetavla 1589 er den første i sitt slag - "med herlige Sentenzer af Den Hellige Skrift" - og den eldste dømet på kongens segl på ei norsk altertavle.
Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Byggeår: 1647-52
Byggmeister: Ukjend
Sitjeplassar: 130