Solvorn kyrkje er plassert slik at du kan sjå henne nesten same kvar du er i bygda. Det mest iaugefallande særpreget på kyrkja er dei skrånande ytterveggene på tårnet, der nedste delen er våpenhuset. Arkitekten har nok late seg inspirere av stavkyrkjestilen og det frittståande klokketårnet, stopulen, ved Borgund stavkyrkje.
Kyrkja er den største av dei 12 kyrkjene i Luster. Her er høgt under taket, bokstaveleg tala. Fem store vindauge på kvar side i skipet gjev rikeleg med lys i det flotte kyrkjerommet. Kyrkja har enkelt trekors som altarutsmykking.
Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Vigsling: Juni 1883
Arkitekt: Waldemar Hansteen
Byggmeister: Dr. Wulfsberg
Sitjeplassar: 300
Solvorn kyrkje
Denne artikkelen er over 8 år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Bilde
Solvorn kyrkje