- Du kan tinga leigekøyrar til å utføre dei fleste typar transportoppdrag med snøscooter utan å søkja. Leigekøyrarane har sjølvsagt visse retningsliner dei er forplikta til å følgje. Her er personane med leigekøyringsløyve tom. 01.05.2026
- Ferdsel i jordbruks- og skogbrukssamanheng. Her er næring eit nøkkelord, ein må driva aktiv jord- og skogbruksnæring med minimum 5 daa jordbruksareal eller 25 daa produktivt skogareal. Om ein nyttar medhjelparar i jord- og skogbruk må det dreia seg om eit reelt arbeidsforhold som kan dokumenterast. Drift av utleigehytter, jakt, fangst, fiske og bærsanking vert ikkje rekna som jordbruks- eller skogbruksnæring.
- Transport av jaktutbytte frå elg- og hjortejakt. Gjeld traktor, ATV og andre køyretøy. Gjeld ikkje for bruk av helikopter.
- Snøscooter til transport av material, utstyr og arbeidsfolk med godkjend byggeløyve
- Snøscooter til transport av ved frå eigen eigedom til fast bupel
- Snøscooter til naudsynt drift av turistanlegg utan brøyta tilkomst
- Helikopter med underhengjande last, utan å vere nær bakken eller landa
- Motorbåt på Hafslovatnet med ein motor med lågare yting enn 10HK/7,5 kW. Innafor fuglefredingsområdet gjeld forskrift for Hafslovatnet fuglefredingsområde
Du kan søka om løyve til motorferdsel i utmark med desse vilkåra:
- Av helsemessig årsak, husk helseattest
- Frakt av material og utstyr til reparasjon av hytte/sel i utmark
- Utmarksnæring som ikkje går under landbruk
- Transport av ved i barmarkssesong
- Gruppeturar for eldre eller rørslehemma etter gitte kriterie
Dette kan du ikkje få løyve til:
- Heliskiing
- Fornøyelseskøyring (dvs. bryllaup, festleg lag, for turens del)
- Motorsport i utmark (krev reguleringsplan)
Motorferdsel i verneområde:
Det er strenge restriksjonar for motorisert ferdsel i verneområda. Her treng du løyve både frå vernestyresmakta, og frå kommunen. Du kan sende den same søknaden til begge instansar.
Ulovleg motorferdsel i utmark:
Dersom du er vitne til, eller mistenkjer ulovleg motorferdsel i utmark så kan du kontakte Statens naturoppsyn (SNO), politiet eller kommunen.
Du finn meir informasjon og vanlege spørsmål kring motorferdsel i utmark på Miljødirektoratet si heimeside.