1. Sårbare område
Høgfjellsområda over tregrensa, med unntak av stølsområda, må skjermast mot snøskutertrafikk. I einskildsaker skal det takast spesielle omsyn til trekkvegar, beite- og kalvingsplassar for villrein, samt andre viltinteresser. Det skal også takast omsyn til eventuelle friluftsinteresser.
2. Traseval
Transport skal i størst mogeleg grad føregå langs ubrøyta veg eller etter kortast mogeleg trase mellom bilveg og endepunkt for transporten. I område der snøskuterkøyring skjer regelmessig, bør ein leggja vekt på å nytta faste trasear som er til minst mogeleg ulempe for naturmiljø og friluftsliv.
3. Tidspunkt for køyring
- på søndagar og helgedagar
- i perioden 24. desember til 1. januar
- i perioden skjærtorsdag til og med 1. påskedag
- i perioden 1. mai til 1. desember
Unnatak: Ervervskøyring (leigekøyring) er lov på søndagar, påskeafta og 2. påskedag, i tidsrommet kl. 13:00-20:00, i perioden 1. mars-30. april.
4. Ervervsmessig køyring
- Løyveinnehavar som søkjer på nytt, skal prioriterast framfor nye søkjarar dersom løyvet ikkje er nytta på klandreverdig måte.
- Det skal leggjast vekt på næringsmessig betydning for den einskilde ved tildeling av løyve.
- Ein skal søkja å oppnå ei rimeleg geografisk fordeling.
- Ved tildeling av løyve for leigekøyring, skal dei som allereie har snøskuter, prioriterast.
5. Rørslehemma
Rørslehemma som søkjer løyve etter §5b i Forskrift for bruk av motorkjøretøy i utmark og på islagte vassdrag, skal imøtekommast med løyve i alle tilfelle der dei lovfesta vilkåra som gjeld søkjar og behov er til stades. Normalt skal ikkje løyvet vera avgrensa i høve talet på turar. Kommunen kan setja vilkår for val av trasé.
Helse- og omsorgsinstitusjonar og organisasjonar som søkjer løyve til å nytta snøskuter i samband med gruppeturar etter §5f i forskrifta, skal få slikt løyve dersom det ikkje strir med nasjonale føringar eller er særleg til ulempe for naturverdiar. Avslag på slik søknad skal fylgjast opp med dialog med sikte på å finna alternativ som gjer det mogleg å gjennomføra turen med naudsynte justeringar.
Rørslehemma som søkjer løyve til å nytta helikopter etter motorferdellova § 6, bør få slikt løyve for å koma seg til bestemde stader i utmark dersom føremålet ikkje knyter seg til turkøyring eller aktivitet av ein karakter som tilseier at søkjar bør vera i stand til å ta seg fram i utmark sjølv.