Løyva fordela seg mellom kategoriane bukk, kolle, spissbukk og kalv. Det er høve til å skyte kalv i staden for andre aldersgrupper av begge kjønn, ein kan også felle spissbukk i staden for vaksen bukk. Me oppfordrar jegerane til å skyte kalv og ungdyr for bygge opp ein eldre hjortestamme. Bestandsplanområde med godkjent bestandsplan får tildelt frie løyver frå kommunen. Oversikt over løyva til valda finner ein også på hjorteviltregisteret.no
Luster kommune har søkt om fri kalveskyting for alle hjortevald i Luster kommune, og har fått godkjent søknad for 2024. Det vert derfor fri kalv for alle hjortevald i kommunen i 2024. Luster kommune innfører rapporteringskontroll for skotne kalvar over ordinær kvote. Bilde av skote dyr, samt bilde av heile kjeven skal sendast på e-post til runar.hatlevoll@luster.kommune.no med datomerking. Registrer i hjorteviltregisteret innan jaktdagen er over .Alle kjevar frå kalvane skal takast vare på for kontroll. Kommunen vil ta stikkprøve undervegs i jakta. Rapporteringsplikta er heimla i § 32 i forskrift om forvaltning av hjortevilt 3, ledd. Valdansvarleg er ansvarleg for å informere vidare til rettigheitshavarar i hjortevaldet.
I jakta 2024 skal det takast tannprøvar av alle felte dyr utanom kalv og spissbukk i jakta. Luster kommune ynskjer informasjon om alderen til hjortebestanden vår. Jegerane skal sjølve ordne med desse prøvane. Informasjon om korleis ein tar prøve og henting av materiale blir sendt ut i eit seinare høve.
Ta kontakt med kommunen eller valdleiar om du har spørsmål.