Jegrar under jakt må også kunne framvise fylgjande dokument ved kontroll: Våpenkort, jegeravgiftskort, gyldig skyteprøve og dokumentasjon på tilgang til godkjent ettersøkshund.
Informasjon om tildelte fellingsløyve, «Sett hjort»-statistikk og fellingsresultat for dei siste åra er tilgjengeleg på hjorteviltregisteret.no Løyva fordela seg mellom kategoriane bukk, kolle, spissbukk og kalv. Det er høve til å skyte kalv i staden for andre aldersgrupper av begge kjønn, ein kan også felle spissbukk i staden for vaksen bukk. Me oppfordrar jegerane til å skyte kalv og ungdyr for bygge opp ein eldre hjortestamme. Bestandsplanområde med godkjent bestandsplan får tildelt frie løyver frå kommunen.
Fri kalv
Luster kommune har tildelt kvotefrijakt på kalv for alle hjortevald i Luster kommune. I samband med fri kalv er det innført rapporteringskontroll for skotne dyr over ordinær kvote. Bilde av skotne dyr skal sendast på mail til runar.hatlevoll@luster.kommune.no med datomerking, og førast inn som skutt på settogskutt.no eller hjorteviltregisteret innan jaktdagen er over. Kommunen vil ta stikkprøver undervegs i jakta. Rapporteringsplikta er heimla i § 32 i forskrift om forvaltning av hjortevilt 3, ledd.