Luster kommune yter tilskot til plantekjøp av fleirårige planter innan frukt, grønt og bær (eige tilskot for skogbruk). Plantinga bør ha som føremål å auke eller oppretthalde produksjonen av frukt, bær eller grønsaker på det aktuelle gardsbruket.
Krav:
- Plantene skal vere statskontrollerte (der dette vert vurdert som landbruksfagleg relevant) og plantane skal dekke eit produksjonsareal på minimum 2 daa.
- Søkjar dokumentere korleis utplantinga skal bidra til å auke verdiskapinga knytt til bruket. Dette skal skje gjennom å legge ved forretningsplan og/eller produksjonsløyve frå Gartnerhallen/BAMA.
- Søknadane må ha næringspreg, og nyetableringar må vere handsama og godkjent hjå Innovasjon Noreg før søknad kjem til handsaming i Luster kommune.
Kommunen kan avslå søknader etter søknadsmengde og tiltak som ikkje samsvarar med ordninga sitt føremål. Kommunen kan også prioritere prosjekt som gir auka matproduksjon eller klima-, energi- og miljøeffektive løysingar.
Tilskotet vert utbetalt etter ferdiggodkjenning frå Luster kommune.