Prisen er på 30 000 kr, og skal heidre nokon som har gjort ein ekstra innsats anten det siste året eller over tid, ved å formidle eller ta i bruk løysingar som er klima- og miljøvennlege. Løysingane må òg fremje naturmangfald.
Kven kan få prisen?
Gardbrukarar, skogbrukarar, mindre organisasjonar, kommunar, næringsverksemder og FoU-verksemder, lag og andre former for fellestiltak og samarbeid som har vist særleg god innsats kan få prisen.
Alle kan nominere kandidatar.
Døme på god innsats kan mellom anna vere
- arbeid med karbonbinding
- reduksjon av klimagassutslepp
- klimatilpassing
- målretta arbeid med jord og skog
- forbetring av vasskvalitet
- gjenvinning og reduksjon av avfall
- styrking av naturmangfald
Gå til fylkeskommunen si side for meir informasjon og nominering av kandidat