Svangerskapskontrollane vert utført av jordmor og fastlege. Det anbefalast 8 (eventuelt 9) undersøkingar i løpet av et normalt svangerskap (avhengig av lengda på svangerskapet).
Den gravide gravide kan velge 1. svangerskapskontroll i svangerskapsveke 8 - 12 hjå jordmor eller lege.
Oversikt svangerskapskontrollar (pdf)
Ta kontakt for timebestilling tlf: Jordmor: 57 68 56 05 Lege: 57 68 56 00
Tlf nr jordmor dagtid: 91 55 12 73
Jordmortenesta omfattar:
samtale, råd og rettleiing om sentrale tema innan helse, livsstil og graviditet
- helsekontroll
- tilvising vidare ved behov
- førebuing til fødsel, amming og det å bli foreldre
- hjelp til familieplanlegging og val av prevensjon
Tenesta er gratis.
Svangerskapskurs/ foreldreførebuande kurs
Eit tilbod til foreldre som ønskjer å førebu seg til fødsel og foreldrerolla saman med andre i same situasjon.
- Kurset varer 2 kveldar
- Kurset vert halde av jordmor og helsesjukepleiar
- Stad: Helsestasjon
- Kurset er gratis
- Kurset vert halde 2-3 gonger pr. år
Ta kontakt med helsestasjon for å få meir informasjon - tlf.: 57 68 56 05
Kommunen har eit vaktsamarbeid for jordmortenesta med Sogndal og Leikanger kommune. Dersom du har behov for jordmor utanfor kontortid, ring legevaktsentralen - tlf. 116117