Frå 2. mai 2024 får alle gravide tilbod om kikhostevaksine i veke 24 av svangerskapet. Vaksina beskyttar barnet mot kikhoste frå fødsel og fram til barnet får første vaksinedose ved 3 månads alder.
I oppstarten av dette tilbodet vil gravide som er komne lenger i svangerskapet også få tilbod om vaksine. Vaksina er gratis og blir på ordinær svangerskapskonsultasjon.