Bilete: Ambulant buteam i Luster kommune. F.v.: Armando Navarro, Jonny Gjerde, Adam Erik Gunnarsson og Liv Endresen. 

Ambulant buteam 2016.JPGÅ etablere og meistre eit buforhold  forutset  praktiske, sosiale og kulturelle ferdigheitar. Bu - oppfølging inneber at ein gjennom individuelt tilpassa tiltak skal gjere den enkelte mest mogleg i stand til å ta ansvar for sitt eige bustadforhold. Arbeidet er primært knytt opp mot bustadforholdet, men kan også omfatte andre forhold i bebuaren sitt liv.

Tenesta basera seg på deltaking og medverking frå brukar, der målet er auka meistring, sjølvstendigheit, aktivitet, og deltaking i eit vanleg daglegliv. Dette kan vere opplæring/hjelp til planlegging og gjennomføring av:

  • Personleg økonomi – forpliktingar knytt til buforhold

  • Nettverksbygging – førebygging av isolasjon – sosial trening – fritidsaktivitetar – sysselsetting

  • Praktisk butrening; reinhald og vedlikehald

  • Bufellesskap; naboar, burettslag, dugnad

  • Årsider; snømåking, rydding

  • Bistand til å bli kjent i lokalmiljø – møteplassar

  • Rettleiing om ernæring og matlaging

  • Oppvarming, straum, fuktproblematikk, vatn i kjøkken og våtrom mm.

  • Avdekke ting som kan medføre problem for både leigetakar og utleigar etter innflytting.

Rus/psykiske lidingar
Menneske med psykiske lidingar og/eller rusmisbruk som kjem ut frå institusjon kan oppleva å flytta til einsemd og isolasjon. Det er då viktig å fokuserer på moglegheitene for meiningsfulle aktivitetar og å skape nettverk.

Flyktningtenesta
Når det gjeld buoppfølging til flyktningar så kan dette bidra til meir sjølvstendigheit slik at dei betre kan meistre det samfunnet dei skal bu i. Det kan vere i forhold som går direkte på hushald, bruk av diverse utstyr i heimen, renovasjonsordning, likning og skatt. 

 

Kommunen ynskjer å skape gode, trygge og forutsigbare bumiljø for alle. Ved å jobbe førebyggande ynskjer vi å gjere kommunen til ein positiv og synleg aktør som utleigar og leigetakar i bustadmarknaden.

For å komme i kontakt med ambulant buteam kan du besøke eller ringe servicetorget, tlf. 57 68 55 00 / 57 68 55 17.