Elevbedrifta Focus UB har vinteren 2017 produsert ein film for Luster kommune om næringslivet her. Elevane gjekk i 2. klasse Media og kommunikasjon ved Sogndal VGS og er:
Thea Wigum, Ingvild Fridtun, Kristian Rustøen, Youri Van Der Werve, Mariel Hov Molland, Ida Falkgjerdet Svåi, Brigt Grepstad Røysum, Silje Holm Carlsen, Heidi Wergeland, Cecilie Lerum, Hanne Eide, Nora Buvik og Kamilla Borlaug Bruheim
Ansvarleg lærar for prosjektet har vore Inge Kjell Holme.
Elevane seier sjølve dette om jobben: «Å jobbe med filmen til Luster kommune har vore veldig kjekt, og utfordrande. Vi har lært masse og fått mange lærerike opplevingar. Det har vore veldig spennande å reist rundt å besøke verksemder i Luster.»
Næringssjef Olav Grov i Luster kommune har vore kontaktperson. Han er svært godt nøgd med arbeidet Fokus UB har gjort. Ved å sjå denne filmen på vel 5 minutt vil du få eit godt førsteinntrykk av korleis næringslivet i Luster er. Elevane har vore kreative og arbeidssame.