Foreldrekurset har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar:
«Eg har lært mykje om meg sjølv»
«Alle burde fått med seg dette kurset»
«Det har hjelpt meg til å takle kvardagen betre»
Stad og tid:
- Luster rådhus, Gaupne, oppstart måndag 23. sept. 2024 kl 19:00,
- Hafslo barnehage, Hafslo, oppstart tysdag 24. sept. 2024 kl 18:00,
- Kurset går over 7 - 8 kveldar. Kvar samling varer om lag 2 timar.
- Inntil 10 personar kan delta på kvart kurs. Det bør vera minimum 6 – 8 deltakarar for å setje i gang eit kurs.
- Dei to kursa kan bli slått saman til eitt kurs dersom det vert fåe deltakarar ein av stadene.
Kva er COS foreldrekurs?
COS er forkorting for Circle of Security – tryggleikssirkelen. Kurset gir foreldre verktøy til betre å forstå kva behov barn har, tolke signala barnet gir, og gjere omsorgspersonar betre rusta til å møte desse behova.
Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og på den måten stå sterkare rusta til å møta utfordringar i livet. På kurset får du hjelp til blant anna;
Korleis styrke sjølvkjensla til barnet? Korleis handtere situasjonar der barnet si åtferd er utfordrande? Korleis takle eigen frustrasjon i møte med barnet? Korleis finne balansen mellom å vera tydeleg, men samtidig god i krevjande situasjonar?
Sjå filmar om andre foreldre som har gått på kurs her: www.folkom.no/a-vaere-forelder
PÅMELDING snarast og innan 10. september 2024 til:
oddbjorg.ese@luster.kommune.no eller berit.skjerdal@luster.kommune.no
Alle vel møtt!