Foreldrekurset har fått gode tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar: 
«Eg har lært mykje om meg sjølv»
«Alle burde fått med seg dette kurset»
«Det har hjelpt meg til å takle kvardagen betre»
 

Stad og tid: 

Gaupne, oppstart tysdag 9. januar 2024 kl 19:00, stad: Kantina Luster helsesenter
Hafslo, oppstart onsdag 17. januar 2024 kl 18:00, stad: Hafslo barnehage
 
Kurset går over 7 - 8 kveldar. Kvar samling varer om lag 2 timar.
Inntil 10 personar kan delta på kvart kurs. Det bør vera minimum 6 – 8 deltakarar for å setje i gang eit kurs.
Dei to kursa kan bli slått saman til eitt kurs dersom det vert fåe deltakarar ein av stadene.
 

Kva er COS foreldrekurs?

COS er forkorting for Circle of Security – tryggleikssirkelen. Kurset gir foreldre verktøy til betre å forstå kva behov barn har, tolke signala barnet gir, og gjere omsorgspersonar betre rusta til å møte desse behova.
 
Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og på den måten stå sterkare rusta til å møta utfordringar i livet. På kurset får du hjelp til blant anna;
Korleis styrke sjølvkjensla til barnet? Korleis handtere situasjonar der barnet si åtferd er utfordrande? Korleis takle eigen frustrasjon i møte med barnet? Korleis finne balansen mellom å vera tydeleg, men samtidig god i krevjande situasjonar?
 
 

PÅMELDING

snarast og innan 3. januar 2024 til:

 
Velkomen til kurs!