Kommunestyret vedtok planen i møte 22.06.2023, sak 54/23. Kunngjering av vedtak vert gjort i samsvar med pbl. § 12-12. Planen er å finne på https://www.arealplaner.no/luster4644/arealplaner/141 og Luster kommune si heimeside.
Fristen for å klage på vedtak av planen er sett til 5. oktober 2023. Eventuell klage må sendast skriftleg via e-post til postmottak@luster.kommune.no eller til Luster kommune, Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne. Klagen skal grunngjevast og innehalda opplysningar om kva tilknyting klagaren har til det regulerte området. Eventuelle krav om innløysing eller erstatning må setjast fram skriftleg innan 3 år frå offentleg kunngjering av vedtaket, jf. §15-2 § 15-3 i plan- og bygningslova.