Tilvisingsavtale

Tilvisingsavtalen gir kommunen tilvisingsrett til alle bustadene i prosjektet, men avtalen er avgrensa til maksimalt 40 prosent av bustadene til ein kvar tid. Dersom kommunen ikkje har behov kan bustaden leigast ut på den opne marknaden.

Bustadene

Luster kommune ynskjer tilbod på inntil 30 bueiningar, der kommunen har tilvisingsrett til 40% dvs 12 bustader. Bustadene skal ha ein kvalitet / standard tilsvarande nye eigarbustader. Følgande utleigebustader søkast:

  • 13 stk 2-roms leilegheit med livsløpsstandard (35-45 kvm)
  • 13 stk 3-roms leilegheit med livsløpsstandard (50-70kvm)
  • 6 stk 4-roms leilegheit (65 – 80kvm)

Utbyggarar kan tilby leilegheiter i fleire prosjekt og dei må sjølv skaffe tomt til prosjekta.

Finansiering

Ved etablering av utleigebustader med tilvisingsavtale gjennom nybygging, ombygging eller kjøpsprosjekter, kan det søkast om lån i Husbanken til heile prosjektet. Husbanken sine krav til kvalitet er samanfallande med byggteknisk forskrift. For nærare informasjon om lån til utleigebustader, sjå husbanken.no

Dokumentasjon

Interessentar vert bedt om å levere tilbod med skildring av prosjektet og tilbudde bueiningar innan 30.10.2024. Tilbod som vert innsendt etter fristen vil vurderast løpande.

I val mellom prosjekt vil kommunen legge vekt på 

  • skildring av bueiningar
  • skildring av utleigeselskapet
  • husleigenivå
  • ferdigstillingstidspunkt
  • nærleik til sentrumsfunksjonar
  • plan for forvaltning / bumiljø

All innsendt dokumentasjon frå tilbydarar vil bli behandla konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.

For meir informasjon eller innlevering av tilbod, ta kontakt med 
Luster kommune, v/ prosjektleiar Ole Martin Brennsæter, tlf: 406 10 662, epost: ole.brennseter@luster.kommune.no