Onsdag 19. juni delte ordførarar Andreas Wollnick Wiese ut det synlege beviset, plaketten, til tre nye miljøsertifiserte bedrifter i Luster kommune:
Hans Nes bygg
Lustrabaatane
Iteam

Utdelinga var i kommunestyresalen med kaffi og kake. Bedriftene fortalde og litt om prosessen dei har vore gjennom for å få sertifikatet, og dei snakka om kva nytte dei har av dette.

Luster kommune yter eit tilskot på kr 20 000 til alle som vert miljøsertifiserte. Det er nær 20 verksemder totalt i kommunen som er miljøsertifiserte, og det er fleire som er i prosess fram mot miljøsertifikat.