Ungdomane i UK er inviterte til temamøte med kommunestyret den 11. mai. No skal dei førebu kva dei ynskjer å informere kommunestyret om, kva fungerer bra og kva kan ev. gjerast betre for ungdomane i kommunen?
Dei skal prioritere kva tiltak dei ynskjer å få med i kommuneplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. Dei hadde idèdugnad på saka sist møte den 13.03, og skal no prioritere mellom innspela.
Elles får Uk informasjon om Rocketman som er i oppstartsfasen her i kommunen, det blir jobba med Blås Grønt i Parken under Lustrabalder, Uk skal drøfte ordninga med Luster ungdomstaxi.
Sist helg var 5 representantar frå UK på fylkesting for ungdom i Bergen. Dei vil informere i UK møtet frå denne samlinga.

UK har også denne veka engasjert seg i saka om fleire studieklassar ved Sogndal vidaregåande skule.


Saksdokumenta til UK møtet kan du sjå her.

Arbeidsutvalet (3 medlemer i UK) har møte måndag 24. og førebur UK møtet.