Kven kan få tilskot til etablering?

Enkeltpersonar og husstandar med varig låg inntekt og som ikkje er i stand til å betene fullt lån til ein eigna bustad. Ordninga er sterkt behovsprøvd og berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekna med å få tilskot.

Kva kan du få tilskot til?

Kjøp av ny eller brukt bustad. Tilskot til etablering kjem gjerne inn som ein toppfinansiering når ein bustad skal finansierast. Kor mykje tilskot ein kan få er avhengig av bustadbehov, husstanden sin økonomi og moglegheit for andre offentlege støtteordningar, som for eksempel bustønad.

Kven kan få tilskot til etablering?

Enkeltpersonar og husstandar med varig låg inntekt og som ikkje er i stand til å betene fullt lån til ein eigna bustad. Ordninga er sterkt behovsprøvd og berre dei aller mest vanskelegstilte kan rekna med å få tilskot.

Korleis søkje?

Du må søkje til den kommunen du vil busetje deg i. Servicetorget kan hjelpe til med utfylling av søknaden.