Prisen er oppretta av kommunestyre, i møte den 15. desember 2022, og påskjøning er markering med utdeling av diplom og blomster.

Det er rådet for personar med funksjonsnedsetting som tek avgjerd om kven prisen skal gå til, etter å ha motteke forslag om kandidatar frå privatpersonar og organisasjonar.

Universell utforming handler ikke kun om fysisk utforming, men også om tilrettelegging av aktivitets- og kulturtilbud.

Medmenneskeleg tilgjenge handler om å være forståeleg og imøtekommande for alle, uavhengig av bakgrunn eller evner. Dette skaper et samfunn der alle føler seg inkludert og verdsett.

For 2024 går prisen til «Tilrettelagt friluftsliv».

Det er tre samarbeidande organisasjonar som står bak Tilrettelagt friluftsliv: Luster turlag med undergruppa FTU Luster, NFU Luster lokallag og Luster frivilligsentral.

 

Litt om Tilrettelagt friluftsliv:

Leiar i Norsk Forening for Utviklingshemma, Luster lokallag (NFU) og dagleg leiar for Luster frivilligsentral Anita Kjørlaug tok kontakt med Luster turlag i august 2019 om oppstart av tilrettelagt friluftsliv og sidan 7.oktober 2020 har dei vore i drift.

FTU Luster er no blitt ei undergruppe i Luster turlag, på lik linje med Barnas turlag og DNT Ung Luster. Aktivitetane står i Luster turlag sin foldar på lik linje med dei andre turane til turlaget.

På aktivitetane til Tilrettelagt friluftsliv er det med mellom 10 – 13 deltakarar. Følgjepersonar kjem i tillegg, så totalt kan dei vera over 20 deltakarar. Det blir gjennomført 10 arrangement kvart år. I juli og august er det pause.

Det er varierte aktivitetar som aking på Sogn skisenter med kveldsmat på kafèen, uteaktivitetar som boccia/balleik/kubb, friidrettsstevne, bokstav- og refleksrebus, påskeaktivitet, cowboyfest, rib-båt, hundeslede osv.

På alle arrangement fyrer dei opp enten bål eller bålpanne og dei avsluttar med sosialt samvèr rundt bålet der dei et kveldsmat. Det er mykje prat og latter på arrangementa, noko som tyder på trivsel og glede av å få vere saman og oppleve naturen.

Tilrettelagt friluftsliv har i tillegg til dagleg leiar ved Luster frivilligsentral Anita Kjørlaug hatt to faste frivillige som har hjelpt til med planlegging, førebuing og gjennomføring av aktivitetane. Aud Kristin Oma og Geir Grosberg er to viktige personar og utan dei hadde det vore vanskeleg å gjennomføre desse kveldane.