Det har vore 4 samlingar i løpet av denne perioden der om lag 40 tilsette frå ulike barnehagar i regionen har delteke. I tillegg har Sogn PPT delteke på nokre av nettverkssamlingane.
Dei to dyktige barnehagelærarane har nytta seg av eksterne føredragshaldarar, og har i tillegg bidrege sjølve til nettverket med eigen kunnskap og erfaringar frå språkarbeid i Hafslo barnehage.
Ei god språkutvikling hjå barna er avgjerande for god læring, så å jobbe med språk er viktig kompetanseheving for barnehagane.
Tilbakemeldingane frå deltakarane har vore svært gode. Dei som deltok tykkjer at dei har fått mange gode tips og at det har vore spennande og lærerikt innhald.
Takk til Solveig og Marianne som har teke på seg denne oppgåva dei to siste åra.