Telenor seier at eventuelle brev som kundar får om det motsette, ikkje gjeld.
Det betyr at dei som er knytt til sentralen i Fortun framleis vil ha fasttelefon og ADSL.

Luster kommune har fått statleg finansiering og har planar om å lyse ut på anbod for fiberutbygging i Fortun/Fortunsdalen og andre grender i kommunen. Dette har teke mykje tid fordi NKOM (staten) har lagt om rutinane for anbodsprosessane, og kommunen må vente til det er klarert. Luster kommune håpar at anbod kan lysast ut over nyår og bygging av fiber starte frå våren 2020.