Tannbehandling for eldre
Dei fleste må betale utgiftene til tannbehandling sjølv, men det fins nokon unntak. Tannlegen vurderer kva rettar du har.
Personar som bur på institusjon eller har heimesjukepleie i meir enn tre månader, får gratis behandling av den offentlege tannhelsetenesta.
Har du dårleg råd, kan du søke NAV om støtte til tannbehandling (etter sosialtenestelova).
Tannbehandling for psykisk utviklingshemma
For psykisk utviklingshemma i og utanfor institusjon er tannbehandling, med unntak av tannregulering, gratis i den offentlege tannhelsetenesta.
Tannbehandling for andre grupper
Andre grupper som kan ha rett til å få dekka heile eller deler av utgiftene til tannbehandling:
- Flyktningar og asylsøkarar på statlege mottak.
- Rusmiddelmisbrukarar som har motteke tenester via sosialtenestelova i tre månader eller meir
- Rusmiddelmisbrukarar under LAR-behandling (legemiddelassistert rehabilitering)
- Tannbehandling for personar med tannlegeskrekk (odontofobi): Viss du har sterk tannlegeskrekk eller har blitt utsatt for tortur eller overgrep, kan du ha rett på eit tilrettelagt tilbod (TOO) frå den offentlege tannhelsetenesta.