Blir drive av; Luster kommune, Luster Frivilligsentral og Nav Luster.
Målgruppe: Personar med rusutfordringar, psykiske helseplager og ellers mannen i gata. Me ønskjer å skape ein arena for integrering og nettverksbygging.
Så dette er eit tilbod for alle som ønskjer å setje seg ned og treffe andre ein ettermiddag i veka. Dei som ønskjer å bidra der/hjelpe til kan ta kontakt med NAV kontoret eller Luster kommune.
Kva: Ein open møteplass der ein kan setje seg ned, kjøpe seg ein kaffi, vaffel eller noko anna. Ta med deg handarbeid eller berre kom som du er! Me har ein ansvarleg kvar gang som lagar eit hyggeleg miljø. Av og til har me gjester som bidreg med ulike tema. Me har data tilgjengeleg om du treng hjelp til noko med den! Her kan du berre komme når det passar deg, me har ope kvar torsdag kl 15-18 og held til i «gamle yrkesskulen»
Kontaktinfo: har du spørsmål, ta kontakt med psykisk helseteam, 57 68 56 34 / 991 68 050
Ønskjer du å bidra og hjelpe oss, så kan du ta kontakt med Nav Luster.