Luster kommune er vertskommune for vaktsamarbeidet. Luster kommune har 5 300 innbyggarar og ligg der Europas lengste fjord, Sognefjorden, møter dei tre nasjonalparkane Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. Luster kommune er ein av dei største kommunane i Sør- Noreg, med sine 2700 km2. Sogndal kommune har 12 200 innbyggjarar, i tillegg til å vere vertskommune for over 3000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn, og har mange offentlege arbeidsplassar innan høgare utdanning og offentleg forvaltning.
Det er eit aktivt landbruk i begge kommunar med både storfe-, sau- og geitehald. I tillegg er det også stallar med ein del hestar. Sogn har ein flott natur, med moglegheit for allsidige aktivitetar og friluftsliv heile året. Her kan du kombinere ein aktiv arbeidskvardag med fritid i noko av den flottaste norsk natur har å by på. Les meir om fordelane med å bu og leve i Sogn her.
Om veterinærvakt:
Deltakarane i vaktsamarbeidet får tilskot etter landbruksdirektoratet sine satsar for veterinærvakt. Det vil også vere mogleg om å søkje om stimuleringstilskot til veterinærdekning i distriktet.
Luster kommune stiller kostnadsfritt til rådigheit eit lokale for veterinærvakta, med ein del tilgjengeleg utstyr. Veterinærar i vaktsamarbeidet som ønskjer det, kan kostnadsfritt nytte lokalet til å behandle smådyr. Luster kommune har siste åra gjeve vaktdistriktet tilskot til å kjøpe inn undersøkingslampe, oksygenkonsentrator, blodanalyseapparat, bedøvelsesgevær og ultralydapparat. Dette har vore tiltak for å både styrke tilbodet til dyr og dyreeigarar i området og å legge betre til rette for deltakarar i vakt.
Det går an å avtale besøk til veterinærlokale, om ønskjeleg.
Kvalifikasjonar:
- Krav om autorisasjon til å drive som veterinær i Noreg
- Godkjent inseminasjonskurs for storfe
- Erfaring og tilleggsutdanning innan og/eller røynsle med behandling av aktuelle dyreslag i området, storfe, småfe, gris, hest vil telje positivt
- Erfaring frå vaktarbeid vil telje positivt
- Søkjar må ha førarkort klasse B og disponere eigna bil til oppgåvene
- Sjå elles anbodsdokument på som ligg ved:
- Konkurransegrunnlag med 5 vedlegg
- Vedlegg 1 – Kravspesifikasjon
- Vedlegg 2 – Utkast til kontrakt
- Vedlegg 3 – HMT eigenerklæring
- Vedlegg 4 – Skjema bagatellmessig støtte
- Vedlegg 5 – Oversikt over betalinga for veterinærvakter – satsar 2024
- Konkurransegrunnlag med 5 vedlegg
Anna informasjon
- Avtale om veterinærvakt er ikkje ei vanleg stilling, men ein avtale mellom kommunen som oppdragsgjevar og ein veterinær som driv eigen privat praksis. Inngåing av avtale er difor organisert som eit anbod, der private leverer tilbod til kommunen.
- Frist for å melde si interesse for avtale er 08.08.24 kl. 12.00.
Kontaktperson er stabsleiar Ole Gunnar Krakhellen. Han kan nåast på mob. 926 48 081 eller
e-post: ole.gunnar.krakhellen@luster.kommune.no
Revidert Konkurransegrunnlag del 3 veterinærvaktordning.pdf
Vedlegg 3 HMT eigenerklæring.pdf
Vedlegg 4 Bagatellmessig støtte.pdf