Ein god målestokk på dette er den årlege rapporten som Kommunal Rapport og Norsk Presseforbunds offentlighetsutvalg gir ut - Åpenhetsbarometeret. Her blir alle kommunane testa på mellom anna handsaming av innsyn, heimeside, søkefunksjonar på postlista og tilgang til offentlege dokument.   

Resultat

I openheitsbarometeret for 2021 gjorde Luster det heller dårleg. Me kom på 42. plass i Vestland, og på 335. plass i Noreg. Dette måtte me gjera noko med! Det siste året har me gjort store endringar, som å fulltekstpublisera nokre saksområder på postlista, gjera postlista lenger tilgjengeleg enn tidlegare, me har starta med Kommune-TV, og oppdatert informasjon på heimesida. Me har også gjort dei historiske byggesak- og landbruksarkiva tilgjengeleg digitalt.

I år kom Luster på 13. plass i Vestland og på 78. plass av alle kommunane i Noreg! Me håpar at de som innbyggarar merkar skilnaden. Me lovar å halde fram arbeidet med å gjera informasjon og dokumentasjon lett tilgjengeleg for alle.

Dette vart målt i 2022:

  • Responstid på krav om innsyn i revisor sin årsberetning for 2021. 
  • Søkefunksjonar på kommunen si postliste. 
  • Om kommunen legg ut klikkbare fulltekstdokument på postlista. 
  • Har nettsida kontaktinformasjon til politikarane? 
  • Har kommunen byggesaksarkivet på nett? 
  • Gir kommunen informasjon om innsynsretten etter offentleglova? 
  • Blir organinterne dokument journalført i kommunen si postliste? 
  • Kor raskt politiske saksdokument og vedtak blir publiserte. 
  • Blir SMS journalførte? 
  • Har kommunen ei førhandsbestemt, maksimal levetid for postlistene på nett? 
  • Kor langt tilbake går postlistene på nettsida? 
  • Er postlister for kommunale føretak (KF) publisert på nett? 

Les meir om openhetsbarometret her