Støttekontakt er eit tilbod til personar som grunna alder, nedsett funksjonsevne eller sosiale tilhøve treng hjelp til å få ei meiningsfull fritid.

Treningskontakt er eit tilbod til personar med nedsett funksjonsevne som treng støtte og motivasjon til å gjennomføre fysisk aktivitet utifrå sine føresetnadar.

Målet med tenestene er å bidra til ein god livskvalitet gjennom sosialt samvær og fysisk aktivitet.

Oppdrag kan vere 1 – 2 gonger pr. veke på ettermiddag/kveld.

Det er ikkje krav om særskilde kvalifikasjonar, men du bør vere over 18 år og ha overskot og interesse for medmenneske.

Godtgjersle etter gjeldande kommunale retningsliner for oppdrag.

Det er krav om forenkla politiattest.

Interesserte kan ta kontakt med konsulent for menneske med nedsatt funksjonsevne tlf. 57685715 eller på e-post lisbeth.olstad.servold@luster.kommune.no